Fakta om Alpakka

  • Alpakkaen tilhøyrer den Sør-Amerikanske kamelfamilien saman med lama, guanacos og vicunas. Berre Alpakka og lama er rekna som husdyr.
  • Det er 2 typar alpakka - Suri og Huacaya. Huacaya er mest vanleg.
  • Alpakkaen har ein levealder på 20 - 25 år.
  • Den går drektig i 335 - 340 dagar og kan føde ca. 15 avkom iløpet av levealderen. Tvillingar er ikkje vanleg.
  • Den har ei gjennomsnittleg vekt på 50 - 70 kg, criaen (namn på avkom) er 5 -9 kg ved fødsel.
  • Den har ei gjennomsnittleg skulderhøgde på 1 meter og er ca 1.5 meter høg.
  • Alpakkahoa er klar for paring etter 14 - 16 månader.
  • Alpakkahannen er klar til bruk i 2 - 3 års alderen.
  • Criaen diar (ammar) mora ca. 5 - 6 månader, men hoa kan parast ca. 14 dagar etter fødsel.
  • Alpakkaen kan gå ute heile året, men må ha mulegheit å søkje ly for veret samt ha ein tørr og god plass ved fødselen.
  • Arealkravet er ca. 1 dekar. Om sommaren beitar dei, men alpakkaene bør har tilgang på tørt høy året rundt. Foret bør ha lite protein (under 14%) og mykje fiber.
  • I slutten av drektigheitstida bør dei få ekstra foring.
  • Alpakkaen må gjerdast ute og ikkje inne. Dei går ikkje på gjerde, men må vernast mot rovdyr slik som dei andre husdyra våre.
  • Alpakkaen er oppdretta for ulla (fiber). Årleg mengde er ca. 3 -5 kilo og kvaliteten er målt i micron som er diameteren på eit fiber.
  • Alpakkaen spyttar, men sjeldan på menneske.

Avl

Systematisk og målretta avl er framtida for alpakkaoppdrett også her i landet. I alle andre land blir det satsa på avl for å få mindre micron på fibera og auke mengda fiber pr.dyr.

Utanfor Sør-Amerika er alpakkaoppdrett og produksjon av alpakkaull ei ganske ny næring. Vi er framleis i ei tidleg fase der dyretalet og dermed ullmengda er på eit så lågt nivå at produksjon i større skala ikkje er industrielt fornuftig endå.

Skal vi kunne konkurrere med import frå andre land må vi vere minst like flinke og profesjonelle, og då er det berre ein veg som er farbar - AVL.

I og med at dette gobalt er på eit tidleg stadium har vi her i Noreg same mulegheitene som ellers i verda berre vi satsar seriøst og riktig.

Ull - Fiber

Alpakkaen har hår med holrom, derav dei gode eigenskapane. På desse sidene har vi bruka nemninga ull og fiber framfor hår.

Alpakkaull er sannsynlegvis den beste ulla som er å få kjøpt. Saman med mohair, angora og kashmir utgjer den kun 2.6% av ullmarkedet på verdensbasis.

Med alle dei gode eigenskapane som alpakkaull har, burde potensialet vere stort. Den er fleire gongar sterkare enn saueull, den er varmare, klør ikkje, loar ikkje. Dessutan held form og fasong seg mykje lenger.

I motsetning til saueull inneheld alpakkaull ikkje lanolin og den er derfor gunstig for allergikarar, i tillegg til at ho ikkje tek til seg lukt så lett som saueull.

Alpakkaen har 22 naturlege fargar med 250 forskjellige fargenyansar.

Produkta som er laga av alpakkaull har forskjellige klassifiseringar. Det er Royal Alpaca (19 micron) - Baby Alpaca (22,5 micron) - Alpaca Super Fine (25,5 micron) og Thick Fiber (32 micron). Til tynnarre ulla er til høgare er kvailteten.

Kvar av desse klassane har sine bruksområde der produkta sjølvsagt er prisa etter kvaliteten på ulla.

Alpakkaull kan nyttast til same produktspekteret som saueull.
Nyheiter frå og om Alpakka Norge
Alpakka i Allers(10. Oktober 2014) Allers hadde i veke 41/2014 eit stort oppslag om Alpakka Norge.Les meir i PDF
Alpakkakurs med Tim Hey frå Inca Alpaca (23/24. juni 2012)(23. Mai 2012) Tim Hey er kjent for mange i det norske alpakkamiljøet. I 2009 hadde Alpakka Norge dommarkurs med Tim og i 2006 introduksjonskurs om alpakka på Bromma. Kurset er ope for alle.Les meir
Villmarksmessa på Lillestrøm 2010 - Første alpakkautstilling i Norge(23. April 2010) Under villmarksmessa på Lillestrøm 8 - 11. april 2010 vart den første alpakkautstillinga i Norge halde.Les meir i Fjordingen (PDF)
Startar produksjon av ull frå alpakka (Fjordingen)(23. Februar 2010) Alpakka-pionerane Connie og Olav Reidar Haugen har nådd ein milepæl når dei no er i gang med foredling og sal av den eksklusive ulla.Les meir i Fjordingen (PDF)
Sjå nyheitsarkivet for eldre nyhende.
Alpakka Norge v/ Connie og Olav Reidar Haugen, Indre Haugen, 6763 HORNINDAL, Tlf.: (+47) 57 87 91 88, Mobiltlf.: (+47) 905 66 622, E-post: post@alpakkanorge.no