Import 2006

Publisert 9. Januar 2006I byrjinga av april vil 30 nye alpakka frå Chile kome til Norge og gå rett i 6-månaders isolat her på garden. Dyra kjem frå Altiplano (nord i Chile) og før dei kan bli frakta derifrå skal myndigheitene ta blodprøve av kvart enkelt dyr. Dette vil ta 4 – 8 veker. Dei vil også bli ”screena”, dvs. ein godkjent person går over dyra og sjekkar at dei kan godkjennast i avl. Dei vil få ein akklimatiseringsperiode på 3 – 4 veker i lavlandet før dei blir sett i karantene i 1 månad. I denne perioden vil veterinærmyndigheitene i Chile teste dyra slik at dei tilfredsstiller dei krava som Mattilsynet i Norge stiller til import frå Chile. For å få ei god breidde i avlen vil det i denne flokken på 30 alpakka vere 3 flotte hingstar. Saman med den hingsten vi har frå før skal dei syte for at vi får gode avlslinjer vidare framover. Så langt i prosjektet vårt har vi berre positiv erfaring med alpakka. Vi ventar derfor spent på at dei 30 neste alpakkaene skal kome til gards.

Nyheiter frå og om Alpakka Norge
Alpakka i Allers(10. Oktober 2014) Allers hadde i veke 41/2014 eit stort oppslag om Alpakka Norge.Les meir i PDF
Alpakkakurs med Tim Hey frå Inca Alpaca (23/24. juni 2012)(23. Mai 2012) Tim Hey er kjent for mange i det norske alpakkamiljøet. I 2009 hadde Alpakka Norge dommarkurs med Tim og i 2006 introduksjonskurs om alpakka på Bromma. Kurset er ope for alle.Les meir
Villmarksmessa på Lillestrøm 2010 - Første alpakkautstilling i Norge(23. April 2010) Under villmarksmessa på Lillestrøm 8 - 11. april 2010 vart den første alpakkautstillinga i Norge halde.Les meir i Fjordingen (PDF)
Startar produksjon av ull frå alpakka (Fjordingen)(23. Februar 2010) Alpakka-pionerane Connie og Olav Reidar Haugen har nådd ein milepæl når dei no er i gang med foredling og sal av den eksklusive ulla.Les meir i Fjordingen (PDF)
Sjå nyheitsarkivet for eldre nyhende.
Alpakka Norge v/ Connie og Olav Reidar Haugen, Indre Haugen, 6763 HORNINDAL, Tlf.: (+47) 57 87 91 88, Mobiltlf.: (+47) 905 66 622, E-post: post@alpakkanorge.no