Import 2006 - dyra på plass

Publisert 11. Juli 2006Tidleg morgon klokka 0400 den 16.juni fekk vi 15 nye alpakka frå Chile. Etter ei lang reise med fly frå Santiago, Chile til Luxembourg og deretter med livdyrbil i 2 dager til Norge var dei her endeleg morgonen den 16. juni i grålysninga. Det var ein gjeng med flotte dyr, men slitne etter den lange reisa. Inkludert i dei 15 var der to alpakkahingstar – ein kvit og ein lys brun (fawn). Dei har funne seg godt til rette i karantenelivet som skal vare fram til 16. desember 2006. Vi har klipt dei og er allereie i gang med bedekning av flokken.

Her er nokre bilete frå karantenelivet:





Nyheiter frå og om Alpakka Norge
Alpakka i Allers(10. Oktober 2014) Allers hadde i veke 41/2014 eit stort oppslag om Alpakka Norge.Les meir i PDF
Alpakkakurs med Tim Hey frå Inca Alpaca (23/24. juni 2012)(23. Mai 2012) Tim Hey er kjent for mange i det norske alpakkamiljøet. I 2009 hadde Alpakka Norge dommarkurs med Tim og i 2006 introduksjonskurs om alpakka på Bromma. Kurset er ope for alle.Les meir
Villmarksmessa på Lillestrøm 2010 - Første alpakkautstilling i Norge(23. April 2010) Under villmarksmessa på Lillestrøm 8 - 11. april 2010 vart den første alpakkautstillinga i Norge halde.Les meir i Fjordingen (PDF)
Startar produksjon av ull frå alpakka (Fjordingen)(23. Februar 2010) Alpakka-pionerane Connie og Olav Reidar Haugen har nådd ein milepæl når dei no er i gang med foredling og sal av den eksklusive ulla.Les meir i Fjordingen (PDF)
Sjå nyheitsarkivet for eldre nyhende.
Alpakka Norge v/ Connie og Olav Reidar Haugen, Indre Haugen, 6763 HORNINDAL, Tlf.: (+47) 57 87 91 88, Mobiltlf.: (+47) 905 66 622, E-post: post@alpakkanorge.no