Om Alpakka Norge

Det er no over 5 år sidan vi nyttårsafta 2004 importerte dei 15 første alpakkaene som nokon gong var importert frå Chile til Norge. Sidan den tid har Alpakka Norge teke inn 70 alpakkaer gjennom 5 forskjellige importar.
Ideen med alpakka går tilbake til 90-talet. Det var på vitjing hos familien til Connie i USA vi oppdaga alpakkaoppdrett. Der har dei drive med alpakkaoppdrett sia 1983, og USA er det landet utanfor Sør-Amerika som har mest alpakka.
Målsetjing
Vårt opprinnelege mål var å medverke til å få i gang ei ny nisjenæring i form av alpakkaoppdrett. Med den store og aukande interessa for alpakkadrift blant nordmenn ser det ut som at det vil lukkast med tida.Vi vil også vere med og aktivt arbeide for at fleire får augene opp for desse flotte dyra og dei mulegheitene det er ved å satse på alpakkadrift.
Vi vil også fortsette, å satse på import, oppdrett og vidaresal På sikt er målsetjinga å ha ein alpakkabuskap på rundt 200 avlsdyr.