Velkomen til Alpakka Norge

1. januar 2015 er det 10 år sia vi importerte dei 15 første alpakkaene til Norge. Det har vore nokre interessante år og ei fantastisk utvikling. Gjennom desse åra har vi importert alpakka frå Australia, New Zealand, Chile og England. I alt over 100 alpakka, og flesteparten selt vidare til andre som ville satse på alpakkaoppdrett.

Etter kvart har vi blitt godt organisert gjennom eige avlslag Den norske alpakkaforening. Med over 120 medlemmar og nærmare 1000 alpakka.

Norsk Alpakka

Norsk Alpakka er ein organisasjon som er etablert for å utvikle, produsere og selje alpakkaprodukt av norsk alpakkafiber. Vi har vore i drift sidan medio desember 2009.

Besøk gjerne www.norskalpakka.no, der du finn meir informasjon om Norsk Alpakka.
Nyheiter frå og om Alpakka Norge
Alpakka i Allers(10. Oktober 2014) Allers hadde i veke 41/2014 eit stort oppslag om Alpakka Norge.Les meir i PDF
Alpakkakurs med Tim Hey frå Inca Alpaca (23/24. juni 2012)(23. Mai 2012) Tim Hey er kjent for mange i det norske alpakkamiljøet. I 2009 hadde Alpakka Norge dommarkurs med Tim og i 2006 introduksjonskurs om alpakka på Bromma. Kurset er ope for alle.Les meir
Villmarksmessa på Lillestrøm 2010 - Første alpakkautstilling i Norge(23. April 2010) Under villmarksmessa på Lillestrøm 8 - 11. april 2010 vart den første alpakkautstillinga i Norge halde.Les meir i Fjordingen (PDF)
Startar produksjon av ull frå alpakka (Fjordingen)(23. Februar 2010) Alpakka-pionerane Connie og Olav Reidar Haugen har nådd ein milepæl når dei no er i gang med foredling og sal av den eksklusive ulla.Les meir i Fjordingen (PDF)
Sjå nyheitsarkivet for eldre nyhende.
Alpakka Norge v/ Connie og Olav Reidar Haugen, Indre Haugen, 6763 HORNINDAL, Tlf.: (+47) 57 87 91 88, Mobiltlf.: (+47) 905 66 622, E-post: post@alpakkanorge.no