Ut av karantene

Publisert 5. Oktober 2005Etter 6 månader i karantene kunne vi endeleg slippe alle dyra ut på beite den 1. juli.

Rett før karantenetida var ute den 28.juni fekk Rosa ein babyalpakka (cria) som vi har kalla Rosalita. Den var 6 kg ved fødselen, og vekta har auka med ca. 1 kg i veka. No er den 18 kg.

I heile karantenetida har alpakkahingsten gått saman med dei 14 hoppene slik at han skulle få dei bedekka. Spenninga var derfor stor når vi skulle ta ultralyd den 4.juli. Det viste seg då at kun 3 var bedekka og det var ein stor skuffelse.

Vi måtte derfor starte på nytt med å skilje ut hingsten nokre veker for å få han meir på hugget.

I august har resten av flokken blitt bedekka ved å slippe dei inn enkeltvis.

I september har vi kontrollsjekka alle hoppene med hingsten ein gong i veka, og alt tyder på at denne gongen har hingsten levert. I slutten av oktober vil vi ta ultralyd igjen.

Før beitesesongen starta for fullt klippte vi dei. Carl fekk bruk for det han lærde på kurs i England i mai. Det vart mange sekkar med mykje fin ull.

2 av hoppene som var først bedekka, har allereie funne seg godt til rette utanfor Skien hos Thor Semb. Etter første paringsdato har dei termin medio desember.
Nyheiter frå og om Alpakka Norge
Alpakka i Allers(10. Oktober 2014) Allers hadde i veke 41/2014 eit stort oppslag om Alpakka Norge.Les meir i PDF
Alpakkakurs med Tim Hey frå Inca Alpaca (23/24. juni 2012)(23. Mai 2012) Tim Hey er kjent for mange i det norske alpakkamiljøet. I 2009 hadde Alpakka Norge dommarkurs med Tim og i 2006 introduksjonskurs om alpakka på Bromma. Kurset er ope for alle.Les meir
Villmarksmessa på Lillestrøm 2010 - Første alpakkautstilling i Norge(23. April 2010) Under villmarksmessa på Lillestrøm 8 - 11. april 2010 vart den første alpakkautstillinga i Norge halde.Les meir i Fjordingen (PDF)
Startar produksjon av ull frå alpakka (Fjordingen)(23. Februar 2010) Alpakka-pionerane Connie og Olav Reidar Haugen har nådd ein milepæl når dei no er i gang med foredling og sal av den eksklusive ulla.Les meir i Fjordingen (PDF)
Sjå nyheitsarkivet for eldre nyhende.
Alpakka Norge v/ Connie og Olav Reidar Haugen, Indre Haugen, 6763 HORNINDAL, Tlf.: (+47) 57 87 91 88, Mobiltlf.: (+47) 905 66 622, E-post: post@alpakkanorge.no